Fast stilling i 50% for spesialsjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar
Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdeling spiseforstyrringar, seksjon døgn har 8 sengar og behandlar i snitt 24 pasientar pr år. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg.
Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Arbeid i 2 delt turnus og kvar 4 helg
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere dei sjukepleiefaglege tiltaka saman med pasient og behandlingsteam
- Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning
- Relevant realkompetanse utover autorisasjon som sjukepleiar kan erstatte krav om vidareutdanning
- Relevant sjukehuserfaring
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Vi tilbyr
- Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anneli Louise Ødemark Dyrdal, Ass. seksjonsleiar, 55974519Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5060217240
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450425259
- Sist endret

