
Kunderådgjevar privatmarknad Måløy
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 4.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe tett på kundane og vere ein rådgjevar som folk stolar på?
Likar du å finne gode løysingar, skape relasjonar og hjelpe kundar til å få tryggleik og oversikt i økonomien sin? Då kan dette vere stillinga for deg.
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
No ser vi etter ein ny kollega til kontoret vårt i Måløy, der du vil bli ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der vi kombinerer erfaring, pågangsmot og ekte engasjement for kundane våre.
Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og bygg relasjonar som varer.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån, forsikring og daglegbank
Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje
Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar
Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen
Kjenner du deg igjen i dette?
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å samarbeide med andre, og har samtidig driv og engasjement når du jobbar på eiga hand.
Vi ser gjerne at du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar, men det viktigaste for oss er at du er engasjert og ønskjer å lære. Manglar du autorisasjon, får du god støtte av oss til å kome i mål.
Kvifor skal du søkje hos oss?
Her får du eit arbeidsmiljø der folk trivst, støttar kvarandre og tek vare på både kundar og kollegaer. Det er korte vegar til avgjersler, og vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling. Vi ønskjer at du skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, med fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august.
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EKbevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, tilsettbetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til bankens hytter og leilegheiter.
Gode ordningar, støttande kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver gjer at mange trivst og blir verande hos oss lenge.
Om du lurer på noko eller ønskjer å vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med banksjef Ole Aukland.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. Søkarar som får tilbod om stillinga må framlegge vandelsattest.
FerdigheterAI-generert
- Autorisert Finansiell Rådgiver
- Budsjettarbeid
- Bygge opp kundeportefølje
- Økonomisk evne
- Rådgivning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Gate 1 nr 107, 6700 Måløy
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
Kunderådgivning, Bank, Økonomi, Rådgivning, kundar
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449371639
- Sist endret
