
Vi har ledig stilling som psykologspesialist ved BUP Sentrum!
Helse Bergen HF
- Frist 18.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha verdas viktigaste jobb? Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist ved BUP Sentrum!
Bli med på ei meiningsfull reise og gjer ein skilnad i livet til barn og ungdom!
Ønsker du å vere ein del av eit team som er dedikert til å forbetre og berike livet til barn og ungdom som treng hjelp og støtte? Er du opptatt av å støtte og rettleie unge menneske gjennom utfordringane deira? Vil du vere med og hjelpe foreldre til å vere ei endå betre støtte for barna sine? Har du lyst til å vere med og utvikle og forbetre det psykiske helsevernet for barn og unge? Då har vi den perfekte moglegheita for deg! Vi på BUP Sentrum meiner nemleg at vi har verdas viktigaste jobbar – og kanskje verdas finaste utsikt.
Hos oss får du ikkje berre spennande faglege utfordringar, men også eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i alle aldrar. Vi legg vekt på samarbeid, humor og trivsel i kvardagen, og vi ønsker å skape ein arbeidsplass der alle kan kjenne seg verdsette og inspirerte.
BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar og ambulante tenester. Nokre tilbod er organiserte i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien midt i Bergen sentrum. Her har vi utsikt til Bryggen og Fløyen, og anløp av hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik like utanfor døra. Det er kort avstand til bussamband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet i Bergen sentrum ligg i gåavstand frå poliklinikken.
I BUP Sentrum sitt opptaksområde, som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus i Bergen kommune, bur det omkring 12 000 barn og ungdomar. Poliklinikken har om lag 35 tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i småbarnsteam og generalistteam. Vi er ein av tre poliklinikkar som har klinikkovergripande tyngdepunktsfunksjonar for spiseforstyrringar, og vi har som einaste poliklinikk i PBU tyngdepunktsfunksjon for sped- og småbarn.
Kven er du?
Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist for deg som ønsker å gjere ein skilnad i livet til barn og unge. Du trivst i tverrfagleg team og synest systemarbeid er spennande og viktig. Du er omgjengeleg og sosial, og opptatt av å bidra til eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og har det godt saman – samtidig som vi leverer fagleg kvalitet. Du trives med å arbeide saman med foreldre og ser verdien av å bygge gode relasjonar, også når situasjonane er komplekse. Du møter foreldre med respekt og tryggleik, og opplever samarbeidet som ein viktig og meiningsfull del av behandlinga.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Den som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av psykiske lidingar hjå barn
- Individuelt tilpassa behandling (individuelt, i gruppe, familiebehandling)
- Gje konsultasjon og rettleiing til skular, barnehagar, og til ulike kommunale tenester for barn og unge
- Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1.linjetenesta
- Gje rettleiing til psykologar under spesialisering
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg med spesialisering
- Det er ønskeleg med spesialisering i barn- og unge
- Det vil bli lagt stor vekt på tidlegare erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hos barn og ungdom i spesialisthelsetenesta
- Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS) er ein fordel
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Du er trygg i rolla som behandlar og spesialist og evner å skape god kontakt med barna og deira pårørande
- Du trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du kan jobbe både sjølvstendig og har god samarbeidsevne
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert og målretta etter anerkjende faglege prinsippar
- Du har evne til fleksibilitet i ein varierande kvardag
- Det er helt nødvendig med særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Sentrumsnær arbeidsstad
- Triveleg arbeidsmiljø, med en aktiv sosialkomité
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
BUP, Psykologspesialist, Barn og unge, BUP sentrum, psykisk helsevern for barn og unge
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449351316
- Sist endret

