Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Nav Nordfjord
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar til avdelinga arbeid og helse frå snarast - 30.11.26.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.
Nav Nordfjord held til i nye, moderne og funksjonelle lokale i Statens hus på Nordfjordeid. Her er vi samla under same tak som Skatteetaten og politiet.
Lokala er utforma som aktivitetsbaserte arbeidsplassar, med vekt på samarbeid, fleksibilitet og gode løysingar for dei tilsette. Nav Nordfjord består av fire lokasjonar, og samla sett har vi eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å gi gode tenester til alle innbyggjarane i Nordfjord-regionen.
Kva går jobben ut på?
- følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar
- rettleiie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
- kartleggje arbeidsevne og ressursar saman med brukarar og sjå nye moglegheiter på arbeidsmarknaden
- samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre for å finne gode løysingar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
- digital kompetanse og vere nysgjerrig på ny teknologi
Det er ein fordel om du har
- erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
- kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
- kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
- førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
- du trur på at alle kan få og behalde ein ordinær jobb, uansett helseutfordringar
- du møter folk i sårbare situasjonar med respekt, empati og profesjonalitet
- du jobbar målretta og strukturert, og har god arbeidskapasitet
- du motiverer andre og bygger tillit hos innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- du tek ansvar, samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss
- ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- løn som rådgivar i kode 1434 men lønnspenn frå kr. 622.000 til 635.000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar Nordfjord Arbeid og Helse, 452 33 070, kari.tonning@nav.noArbeidssted
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5065864990
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449319133
- Sist endret

