Rektor ved Nore Neset ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Oppvekst
- Frist 18.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Lyst å leie og utvikle Nore neset ungdomsskule?
Vår gode rektor blir pensjonist og vi treng ein erstattar. Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Nore Neset ungdomsskule frå 01.08.26.
Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.
Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.
Satsingsområda våre er skulemiljø, nærvær og fråvær og rammer for lesing.
Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-2026 har skulen 470 elevar og 63 tilsette. Verdigrunnlaget til skulen bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen, og skulen organiserer opplæringa i basisfaga med å dela klassegrupper. Satsingsområda er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.
Arbeidsoppgåver
- Å vera tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med barneskular
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå med undervisningskompetanse.
- Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
- God IKT- kompetanse.
- Relevant leiarutdanning/leiarerfaring.
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging.
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og har fokus på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik, Skulesjef, mobil: 934 05 978,
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5217 Hagavik
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Annet, Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, lærar, lærer, skole, skule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448676688
- Sist endret
