Rektor
Austevoll kommune
- Frist 18.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Austevoll kommune har ledig stilling som
Om arbeidsstaden
Vil du leie ein stor og viktig grunnskule i vekst?
Austevoll kommune søkjer ein raus, tydeleg og engasjert rektor som vil vidareutvikle Storebø skule - til beste for elevar, tilsette og lokalsamfunnet.
Storebø skule ligg sentralt på Storebø og har om lag 340 elevar frå Storebø, Hundvåkøy og Storekalsøy. Skulen har høg fagleg kompetanse blant dei tilsette, eit godt arbeidsmiljø og ei etablert kultur for samarbeid og utvikling. Variert undervisning, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing står sentralt i Austevollskulen.
Austevoll kommune er i ein prosess der ein jobbar med kvalitetsutvikling I skulen, gjennom oppfølgingsordninga , og har for tida inne både NHH og Nasjonalt lesesenter som samarbeidspartnarar.
Ein har særleg fokus på følgjande satsingsområder:
- Leseopplæring
- Tilpassa og tilrettelagt opplæring
- BTI - Betre Tverrfagleg Innsats
Om stillinga
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk, administrativ og økonomisk leiing av skulen. Du vil vere leiar for tre avdelingsleiarar, lærarar, fagarbeidarar, miljørettleiar og administrativ medarbeidar - totalt rundt 50 tilsette.
Arbeidet inneber å:
- Ha økonomi-, personal- og fagansvar for eininga, og skal ha fokus på strategi, system og utvikling.
- Sikre heilskapleg ressursforvaltning og følgje kommunens system og prosessar for økonomiplanlegging, økonomistyring og rapportering
- Vidareutvikle ein trygg, inkluderande og læringsfremjande skule
- Styrke det pedagogiske arbeidet og bidra til at elevane sitt læringsutbyte aukar
- Bruke forskingsbasert kunnskap og skape felles retning i tråd med LK20
- Samarbeida tett med elevar, tilsette, føresette og eksterne fagmiljø
- Jobbe i tett dialog med skuleeigar og rektorkollegiet i Austevoll
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
Vi søkjer ein rektor som har:
- Godkjend kompetanse etter opplæringslova §§ 17-1 og 17-2
- Rektorutdanning, eller anna relevant leiarutdanning
- Skuleleiarerfaring
- Administrativ kompetanse og god IT-forståing
- God innsikt i relevant lov- og avtaleverk
- God økonomi- og systemforståing
- Erfaring frå utviklings- og endringsprosessar
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein rektor som er:
- Raus, tydeleg, engasjert og relasjonssterk
- Ambisiøs på elevane sine vegner og har eit positivt elevsyn
- Opptatt av å jobbe systematisk for meistring for både elevar og tilsette
- Utviklings- og endringsorientert
- Til stades og imøtekomande i møte med elevar, føresette og tilsette
- Vant til og toler høgt arbeidstempo og er trygg i prioriteringar
- Målretta og arbeider innanfor avtalte rammer
- God til å bidra til å utvikle profesjonsfellesskapet både på skulen og i kommunen
Vi gjer merksam på at det vil bli krevd politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men framvisast ved oppstart.
Vi tilbyr
- Tett samarbeid med rektorkollegiet i kommunen
- Leiarsamlingar og fagleg støtte frå skuleeigar
- Moglegheit til å delta i utvikling av Austevollskulen
- Støttefunksjonar innan IT, HR og økonomi
- Høve til å ta rektorutdanning
- Eit godt kollegialt og tverrfagleg samarbeid
- Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
For ytterlegare informasjon om stillinga, vennleg kontakt Mercuri Urval (MU) ved Ragnhild Rabbe Sandven, tlf 941 21 369. Meld di interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev innan 15. februar 2026. All kontakt til Mercuri Urval vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Administrativ prosessstyring
- Administrere ressurser
- Budsjettarbeid
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Økonomistyring
- Rapportering
- Utdanningsadministrasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446907582
- Sist endret


