
Psykologspesialist i psykosepoliklinikk FACT
Helse Bergen HF
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist – Psykosepoliklinikk FACT, Øyane DPS
Her får du høve til å bruke fagkompetansen din i eit engasjert og tverrfagleg miljø – til beste for pasientar med psykoselidingar.
Vi søkjer ein fagleg engasjert psykologspesialist som ønskjer ei spennande og meiningsfull rolle ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her blir du del av eit tverrfagleg team med høg kompetanse og stort fokus på samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar med psykoselidingar.
Hos oss får du høve til å:
- Vere med og vidareutvikle behandlingstilbodet innan psykosefeltet
- Delta i forskingsprosjekt og bidra til kunnskapsbasert praksis
- Utfalde deg fagleg i eit miljø som verdset kompetanse og engasjement
Vi legg stor vekt på psykologspesialistane sine faglege interesser og individuelle behov. Det er rom for fleksible løysingar knytt til arbeidsplan og deltidsstilling, og vi tilbyr konkurransedyktige vilkår. Som psykologspesialist i FACT-teamet vil du arbeide etter FACT-modellen, med både polikliniske og ambulerande oppgåver. Du vil bidra til utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med psykoseliding eller mistanke om psykose.
FACT-teamet er tverrfagleg samansett og inkluderer: psykiater, LIS3, psykologspesialist og psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, merkantil konsulent, erfaringskonsulent, musikkterapeut, arbeids- og utdanningsspesialist og IPS jobbspesialist. Øyane DPS deltek aktivt i forskingsprosjekt for å styrke klinisk praksis. Interesse for forsking og fagutvikling blir sett på som eit fortrinn, og det kan bli aktuelt med deltaking i forskingsprosjekt.
Ved særskilde behov kan arbeidsoppgåver innan andre delar av Øyane DPS også vere aktuelle. Psykologar med særskild interesse for fagområdet er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk og ambulant, oppskøkjande behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding
- Behandlings- og utgreiingsoppgåver for pasientar med psykoseliding og nysjuke
- Arbeid i team etter FACT-modellen
- Samarbeid med pårørande og nettverk, samt andre aktørar i spesialisthelsetenesta og kommunale tenestar
- Fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver
- Fagleg støtte og rettleiing internt i teamet og med 1.linjetenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/ psykolog
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri- og rusfeltet, samt arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller kommunalt tenesteapparat
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er beslutningsdyktig, fleksibel og løysningsorientert
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du likar ein aktiv og variert arbeidskvardag
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Moglegheit til å forme stillinga og arbeidsoppgåver
- Gode høve til kompetanseheving og fagleg fordjuping
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Kjøre
- Klinisk psykologi
- Poliklinisk behandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 75, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykolog, Psykologspesialist, Psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448361188
- Sist endret


