Driftsleiar VA
Tekniske tenester
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Kvam herad søkjer ein engasjert driftsleiar for VA som vil vere med og vidareutvikle ein av våre mest samfunnskritiske tenester – produksjon av trygt drikkevatn til heile Kvam
Avdelinga innan vatn og avløp har 6 dyktige driftsoperatørar og har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale VA-anlegg i Kvam og deler av Samnanger (Kvamskogen). Produksjon av drikkevatn skjer i Ålvik, Skålheim, Kvamskogen, Strandebarm og Mundheim. Tilsvarande er det mange mindre anlegg for mottak av avløpsvatn i heile kommunen. I tillegg har kommunen eit nytt og moderne avløpsrenseanlegg i Øystese som reinsar vatn frå Kvamskogen, Øystese og Norheimsund.
Arbeidsoppgåver
- Leia drift og vedlikehald av kommunale anlegg innan vassproduksjon og avløpsrensing
- Vidareutvikla avdelinga i tråd med ny teknologi, kunnskap og arbeidsmetodar
- Planlegga mindre utbetringar på anlegg eller ledningsnett
- Bidra og sikra eit godt samarbeid med overordna mynde som Statsforvaltaren og Mattilsynet
- Delta i rullerande vaktordning
- Kontakt mot abonnentar, myndigheiter og eksterne entreprenørar/leverandørar
Kvalifikasjonar
Me ser gjerne at du har noko erfaring frå eller kjennskap til:
- Anleggs- eller vassbransjen, tilsvarande stilling eller andre leiaroppgåver
- Arbeid med risikoanalysar, beredskapsplanar, kvalitetssystem og strategiar innan bransjen
- HMS innan VA
- Høgskuleutdanning eller fagskule/fagbrev innan eitt eller fleire tekniske fag t.d. kjemi/prosess, røyrlegging, automasjon eller maskin
- Førarkort, minimum kl. B, men ynskjeleg også med tyngre køyretøy/tilhengar
Personlege eigenskapar
Som leiar i Kvam herad ventar kommunen at du er profesjonell, innovativ lagspelar.
Ut over det som ligg i desse forventingane, ynskjer me at du er:
- Interessert i fagfeltet
- Konstruktiv og gjev tydeleg retning
- Resultatorientert – effektiv, pliktoppfyllande og lojal mot vedtak
- Endringsvillig, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag
- Ein leiar med gode evner til å motivera, inspirera og engasjera andre
Me tilbyr
- Svært varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Nye drifts-system som kan utviklast vidare
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
- Eit godt kollegialt arbeidsmiljø
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Stein Rykkje, Leiar prosjekt og VA, 414 40 285Arbeidsstad
Haugamyrvegen 305600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5066501752
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448057738
- Sist endret
