Driftskoordinator
Tombre Fiskeanlegg As
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Dyktig medarbeider til planlegging og optimal koordinering av aktiviteter
Om oss
Me i Tombregruppa er opptekne av å vera fremst i vår bransje, halda oss oppdaterte innan teknologi, berekraft og utvikling. Me søkjer etter deg som vil bidra til god planlegging og optimal koordinering av utstyr, mannskap og ressursar. Du vil spele ein nøkkelrolle i å sikre etterleving av IK-system og myndighetskrav, samt bidra til at me oppnår optimal drift på lokalitetane.
I samband med dette søkjer me etter ein dyktig:
Driftskoordinator
Arbeidsoppgåver:
Koordinere, tilrettelegge aktiviteter i samarbeid med lokalitetsleder.
Planlegge bruken av arbeidsbåter.
Koordinere personell og utstyr.
Jevnlige oppfølging ute på lokaliteter
Bidra til optimal samhandling, framdrift og evaluering av aktiviteter.
Kvalifikasjonar:
Utdanning eller erfaring fra akvakultur er ønskelig, men ikkje krav.
Erfaring frå planlegging og arbeidsleiing.
God teknisk forståing og erfaring med relevant IT- verktøy.
Erfaring frå bransjen vert lagt vekt på.
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, og evne til å bruke IT-verktøy effektivt for å støtte kommunikasjon og koordinering.
Strukturert og løysningsorientert.
Godt humør og handlekraft.
Motivator som kan spela andre gode
Me tilbyr:
· Ei interessant og utfordrande stilling i ei næring og eit selskap i vekst.
· Varierte arbeidsoppgaver som gjev moglegheit for fagleg og personleg utvikling
· Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordning.
Søknadsfrist: 20. februar.
Har du lyst til å bli med på laget? Send inn din søknad med din motivasjon og CV til soknad@tombre.no, eller benytt finn-portalen.
For nærare opplysingar, ta gjerne kontakt med Produksjonsjef, Vidar Helvik, tlf 4149 2579 eller daglig leder Stig Tveit, tlf 9320 5452. Sjå og vår heimeside www.tombre.no/karriere
Ferdigheter
- IT-kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Tombre er eit framtidsretta havbrukskonsern med hovudkontor i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune, om lag éin times køyretur frå Bergen sentrum. Me driv oppdrett av laks og aure på Vestlandet, frå Høyanger i nord til Karmøy i sør, med sterkt fokus på økologisk og berekraftig produksjon.
Konsernet har i dag 9,5 matfiskkonsesjonar og 2 setjefiskkonsesjonar. Årleg blir det produsert om lag 14 000 tonn laks og aure. Produksjonen i sjø er fordelt på 14 lokalitetar i Vestland fylke.
- Sektor: Privat
- Sted: Leiro 33, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Annet, Fiskeri og oppdrett, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Ledelse, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Akvakultur, Havbruk, Driftskoordinator, Driftsledelse, planlegging
Teigland, Hardanger (1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448613058
- Sist endret
