Driftsoperatør Hardanger
Bremnes Seashore AS
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med oppdrett i eit sterkt og inkluderande team?
Om oss
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Vi søkjer nå etter ein motivert og engasjert driftsoperatør til våre anlegg i Hardanger.
Om stillinga
Som driftsoperatør vil du spele ein sentral rolle i vår verdikjede. Hos oss får du ein variert og spenande arbeidskvardag, kor fiskevelferd, kvalitet og sikker drift står sentralt. Vi har trivsel og tryggleik på agendaen, og trur gode resultat kjem når folk trivst på jobb. Du blir ein del av eit dyktig og inkluderande team, som støtter kvarande og jobbar mot felles mål.
Arbeidsoppgåver
- stell og tilsyn med fisk
- vedlikehald av anlegg og utstyr
- produksjon- og kvalitetsoppfølging
- anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
- fagbrev i akvakultur er ein fordel
- relevant erfaring tel positivt
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- godkjent helseattest for sjøfolk er en føresetnad for tilsetting
- førerkort kl.B
- ønskeleg med D6 sertifikat
Personlege eigenskapar
- engasjert og strukturert, med gode HMS-haldningar
- må trivast på sjøen og kunne jobbe både sjølvstendig og i team
- initiativrik og fleksibel, med stå på-vilje
Vi tilbyr
- ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
- faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Arbeidsstad er Hardanger. Arbeid ved andre lokasjoner må påreknast i periodar.
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Helseattest for skip
- Stell av fisk
- Vedlikehold av utstyr
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: 5627 Jondal
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
Driftsoperatør, Oppdrett
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445251644
- Sist endret

