Konsulent, 100% fast stilling
Gulen kommune
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som konsulent innan pleie- og omsorgstenesta frå snarast. Stillinga er knytt til heimetenesta i områda Brekke, Dalsøyra og Byrknes, samt Miljøtenesta i Gulen kommune. Stillinga er fordelt 50%/50% mellom desse eininga og ein forheld seg til leiar ved begge einingane. Kontorstad for tida er Dalsøyra.
Arbeidsoppgåver
- Konsulenten er medansvarleg for at eininga sine administrative mål vert oppfylt
- Arbeid med turnus/arbeidsplan (Visma ressursstyring); skaffe vikarar, dagleg ajourhald i Visma ressursstyring
- Fakturabehandling
- Innkjøp i e-handel
- Bistå einingsleiarane ved behov
- Bidra til god arbeidsflyt i/mellom einingane, og ut mot andre einingar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Minimum fagbrev innan kontorfag/administrasjon eller tilsvarande. Relevant og god erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for manglande utdanning
- Gode IKT-ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel å ha erfaring frå tilsvarande oppgåver
- Ynskjeleg med førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Må vere tydeleg, ansvarsbevisst, stabil, systematisk og fleksibel
- Vere sjølvstendig i sitt arbeid og søke kunnskapen ein treng for å utføre arbeidsoppgåvene
- Stillinga krev at ein føl reglar og retningslinjer og står støtt avgjersler som vert tatt
- Må ha gode relasjonelle eigenskapar og samarbeide godt
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447348173
- Sist endret