Helsefagarbeidar
Stryn Kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Likar du å arbeide med menneske som har trong for omsorg og helsehjelp?
I eining for pleie- og omsorgstenester, område Stryn, leitar vi etter ny kollega! Stryn omsorgssenter består av to institusjonsavdelingar og to avdelingar med heildøgsbemanna omsorgsbustadar.
Vi har for tida ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar. Du vil arbeide saman med eit dyktig, tverrfaglig team og med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett på Stryn
omsorgssenter vil du få mange spennande oppgåver og moglegheit til å kunne utvikle deg fagleg.
Stillinga er turnusarbeid med årsarbeidsplan.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta pleie- og omsorgsoppgåver
- Rehabilitering
- Observere, planlegge, dokumentere og evaluere eige arbeid
- Tverrfaglig samarbeid
- Samarbeid med pårørande
- Arbeide med digitale system og velferdsteknologi
- Veilede lærlingar og nytilsette
Vi legg vekt på god opplæring ved start
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Du kan også søkje dersom du er på slutten av di læretid
- God datakunnskap
- God kunnskap i norsk, B2 nivå
Personlege eigenskapar
- Evne til å vise omsorg, empati og respekt
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med varierte arbeidsoppgåver
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variabelt og spennande arbeid i positivt miljø
- Kjekke hjelpsomme kolleger
- God arbeidstidsordning for turnusarbeid
- Bedre pensjonsordning skal du leite lenge etter
Kontaktinformasjon
Kristine Flo, Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Stryn, 47992819Arbeidsstad
Myrane 186783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5067269462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446938954
- Sist endret