Er du vår nye resepsjonist?
Stryn Hotel AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Stryn Hotel søkjer resepsjonist i fast stilling
Stryn Hotel søkjer resepsjonist i fast stilling
Er du oppteken av å skape gode og minneverdige opplevingar for andre? Trivst du i eit miljø der ingen dagar er heilt like?
Stryn Hotel søkjer ein engasjert og serviceinnstilt resepsjonist i 100% fast stilling. Vi ser etter deg som likar varierte oppgåver, høgt tempo i periodar og som brenn for å gje gjestane litt meir enn forventa.
Om stillinga
Som del av vårt resepsjonsteam vil du vere hotellet sitt ansikt utad og sørge for at gjestane våre får ein varm, profesjonell og positiv oppleving frå ankomst til avreise.
Dine arbeidsoppgåver vil bestå av inn- og utsjekk av gjester, dagsoppgjer og handtering av booking forespørslar og henvendelsar per telefon, e-post og ansikt til ansikt. Koordinering av informasjon frå gjester og ut til andre avdelingar er viktig for å sikre god service og ei god oppleving for våre gjester gjennom heile opphaldet.
Fleksibilitet i høve førefallande oppgåver i stillare periodar, fortrinnsvis gjennom vinterhalvåret, må også kunne påreknast. Arbeidet går i turnus med både dag- og ettermiddagsskift, inkludert helgearbeid.
Kva vi tilbyr
Eit inkluderande, variert og triveleg arbeidsmiljø
Spanande arbeidsdagar i eit pulserande hotellmiljø
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Konkurransedyktig løn
Hjelp til å finne bustad dersom det er behov
Kvalifikasjonar og ønskte eigenskapar
Har erfaring frå resepsjon, kundeservice eller liknande arbeid (ein fordel men ikkje eit krav)
Er serviceorientert, profesjonell og løysingsorientert
Har gode datakunnskapar og gjerne erfaring med Microsoft Office
Kommuniserer flytande på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Kan jobbe sjølvstendig, og handterer hektiske periodar med ro og godt humør
Har fylt 20 år
Dersom dette høyrest ut som noko for deg, vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
📍 Arbeidsstad: Stryn Hotel
👉 Oppstart: 01.02.2025, eller etter nærmare avtale
👉 Søkjarar blir vurderte fortløpande.
Ferdigheter
- Datakunnskaper
- Engelsk
- Norsk
- Service minded
- Skandinavisk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Stryn Hotel ligger sentralt plassert i Stryn med Stryneelva som næraste nabo og med andre ord i sjølve hjarta av Fjord Norge. Stryn Hotel er eit heilårsope hotell med sesongvariasjonar sommar og vinter. Hotellet har 71 rom og i tillegg til overnatting har vi eigen restaurant, lobby bar og møtelokale. Våre gjestar er ei blanding mellom forretningsreisande og turistar. For sistnemnde gruppe skapar den vakre naturen ei fantastisk ramme, og hotellet er eit perfekt utgangspunkt for turar og aktivitetar som for eksempel: Loen Skylift, Via Ferrata, kajakk på Loenvatnet, Rakssætra, Skålatårnet, Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
- Sektor: Privat
- Sted: Visnesvegen 1, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Resepsjon, Resepsjon, Service/servering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
resepsjonist, innsjekk, booking, utsjekk, serviceinnstilt
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445291507
- Sist endret

