Fagarbeidarar i turnus (deltid - fast og vikariat)
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 30.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidarar i turnus (deltid - fast og vikariat)
Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig:
- 75% stilling fast, ledig frå 01.03.26
- 75% vikariat frå snarast - 31.08.2027
Arbeidsstad
Fusa butenester er avdeling i Fusa, v /eining; Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, tenester i heim, ambulante tenester, og avlastningsenter for born.
Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillingane er i turnus, med moglegheiter for langvakter.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege eigenskap
- Det vert lagt vekt på erfaring og kjennskap til brukargruppa
- Bilsertifikat kl. B er nødvendig.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Helsevitenskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
helsefagarbeidar, assistent, fast, vikariat, deltid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446383415
- Sist endret
