Fast 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 27.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Fast 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar
Avdeling bufellesskap psykisk helse ved Grantun har ledig fast 100% stilling for vernepleiar / sjukepleiar med oppstart frå og med 01.03.26.
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Arbeidsstad
Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune ligg kun nokre få minutt frå Os sentrum og yter tenester til personar med psykiske lidingar. Bufellesskapet rettar seg hovudsakleg mot tenestemottakarar over 18 år, og har i dag 12 bebuarar med varierte bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter recovery-tilnærminga og støttar den enkelte i å utvikle eigne meistringsstrategiar for ein meiningsfull kvardag. Målet er å styrkje evna til å leve godt med psykiske utfordringar, gjennom stabilisering av psykisk helse og støtte til å meistre daglege gjeremål på ein meir sjølvstendig måte.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Ønskjeleg med erfaring frå psykisk helse- og miljøarbeid
Personlege eigenskapar
Du er bevisst dine haldningar.
Du prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde, og det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
vernepleier, sykepleier, sjukepleiar, psykisk, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445950670
- Sist endret

