Fastlege - vikariat
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig vikariat som fastlege
Fastlegevikariat ved Eikelandsosen legekontor
Bjørnafjorden kommune har ledig vikariat som fastlege i 100 % stilling ved Eikelandsosen legekontor frå 1. mars 2026 til 31. august 2026.
Stillinga har fast løn, i tillegg til 30 % insentiv som næringsinntekt.
Om legekontoret
Eikelandsosen legekontor har fire legar: tre ALIS-legar og ein spesialist i allmennmedisin. Arbeidstida er kl. 08.0015.30. Fastlegeheimelen har listetak på 600 pasientar.
Kontoret ligg i moderne lokale i sentrum og er samlokalisert med legevaktstasjonen, som er ein del av den interkommunale legevakta i Bjørnafjorden kommune. Utstyret er oppdatert og moderne.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Politiattest må leggjast fram i tråd med helsepersonellova.
Tilsetjing skjer etter gjeldande avtaleverk. Du må delta i legevaktordning i tråd med sentrale avtalar. Vi har avtale om legevakt på dagtid kl. 08.0012.00 og pliktig deltaking i minimum 20-delt legevaktordning.
Vi tilbyr
- Fast løn etter avtale
- Insentivavtale: 30 % som næringsinntekt
- Spesialiseringsløp med rettleiar som er spesialist i allmennmedisin
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege, Spesiallege
Nøkkelord
fastlege, vikar, legekontor, insentivlønn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445112474
- Sist endret
