Byggdriftar 2*100% fast
Øygarden kommune Eigedomsdrift
- Frist 01.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Byggforvaltning
Om avdelinga:
Byggforvaltning er organisatorisk plassert under kommunalsjef for samfunnsutvikling og er ei sentral eining i kommunen sitt arbeid med å utvikle og forvalte eigedomsmassen. Eininga omfattar to avdelingar og har hovudansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, tekniske anlegg, uteområde og grøntareal. Dette inneber både å ivareta dagleg drift og vedlikehald, og å planleggje langsiktig utvikling og fornying av eigedomane slik at dei møter framtidige behov.
Stillinga er plassert i byggdrift og rapporterer til avdelingsleiar for Byggforvaltning. Du vil inngå i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på samarbeid og kunnskapsdeling.
Byggforvaltning har ei viktig rolle i å sikre at kommunen sine bygg og anlegg er funksjonelle, trygge og tilgjengelege for innbyggjarane. Dette omfattar alt frå skular, barnehagar og helsebygg til kultur- og idrettsanlegg, samt uteområde og parkar som er viktige for trivsel, helse og berekraftig by- og tettstadsutvikling.
Arbeidsoppgåvene i stillinga vil væra varierte og dekkje heile verksemdsområdet innan eigedom, bygg, anlegg og park.
Arbeidsoppgåver:
- Drift, tilsyn og vedlikehald av kommunale bygg
- Tilstandsvurdering og systematisk oppfølging av avvik
- Oppfølging av internkontroll og HMS-krav
- Registrering og behandling av avvik i kommunen sitt FDV-system
- Koordinering og oppfølging av eksterne leverandørar
- Dialog og samarbeid med brukarar av bygga
- Sesongbasert utvendig drift
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev som byggdriftar eller anna relevant teknisk fagbrev, til dømes røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller tømrar
- Førarkort klasse B
- Sterke munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk, med fokus på tydeleg og profesjonell kommunikasjon.
Ønskjeleg med:
- Førarkort klasse BE
- Kjennskap til og erfaring med internkontrollforskrifta
- Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av FDV-, adgangskontroll- og SD-system
- God teknisk forståing og innsikt i bygningsmessige forhold
- Vilje og motivasjon til fagleg vidareutvikling
Personlege eigenskapar:
- Arbeidskvardagen kan være uforutsigbar, og det er derfor viktig at du både likar struktur, samt har evne til å omstille og prioritere når planar endrar seg.
- Du evnar å sjå moglegheiter i utfordringar og feil som oppstår.
- Du møter brukarar og kollegaer med ein positiv og hjelpsam haldning.
- Du bidrar til å løfte kollegaer ved å dele kompetansen din når du har løysinga, og er samstundes audmjuk og open for å lære når andre sit med svaret.
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
- Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
Anna:
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
- Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Jonny Angeltveit Avd. leiar Byggforvaltning 477 01 309Henning Selstø - Avd. leiar Byggforvaltning 950 48 553
FerdigheterAI-generert
- Drift av eiendommer
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Driftsoperatør/vaktmester, Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
byggdriftar, byggdrift, vaktmester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446374527
- Sist endret
