Miljøterapeut i Miljøteamet - Vikariat 100% i turnus
Alver kommune
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du ein engasjert miljøterapeut som ynskjer å jobbe i vårt miljøteam?
Kort om stillinga:
Vi søker etter deg som brenn for å sikre eit godt barnevern. Du set pris på variert arbeid, er dyktig og har stor omsorg for barn og unge som befinn seg i ein krevande livssituasjon.
Vikariatet er ledig omgåande.
Miljøteamet er ein del av barnevernstenesta og ei eiga avdeling. Miljøteamet har arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden inngår. Miljøteamet retter tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet består av 5 miljøterapeuter, og ein operativ leiar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar
- Tilsyn og tilrettelegging av samvær
- Familieråd
- Intensivt arbeid i akutte tilfelle
- Ettervern
Kvalifikasjonskrav:
- Har helse- og sosialfaglig utdanning på bachelornivå (barnevernspedagog, sosionom, vernepleier) Anna relevant utdanning kan vurderes ved relevant erfaring og/eller videreutdanning/kurs/sertifiseringer.
- Har sertifikat klasse B (avdelinga har tenestebilar)
- Har minimum 2 års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med barn og unge
- Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1.linje tenester
- God skriftleg - og munnleg framstillingsevne.
- Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga
Ønska personlege eigenskaper
- Er målretta og strukturert.
- Gode samarbeidsevner og ønske om å skapa resultat.
- Sjølvstendig
- Gode evner til relasjonsbygging
- God på observasjonar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er trygg, stødig og omsorgsfull
Vi tilbyr
- At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt flotte og tilpassa lokalitetar.
- Sjølvstendig fleksibelt arbeid
- Turnusarbeid med arbeid med vakter dag, kveld og tredjekvar helg.
- Fagutvikling på fleire ulike område
- Systematisk oppfølging- og rettleiing
- Dyktige kollegaer
- Deltaking i utviklingsarbeid
- God pensjonsordning
- Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring.
Vi er Alver
Video om Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4
FerdigheterAI-generert
- Observere helsetjenestebrukere
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland og er plasserte i heilt nye flotte lokalar i Helsehuset i Knarvik.
Barnevernstenesta består av tenesteleiar, stab, samt i alt fire avdelingar: Mottak og undersøking/Tiltaksavdeling, Fosterheim, retteleingsavdeling og miljøteam. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids- og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar, eigen psykolog og juristar.
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse. Barneverntenesta deltek i diverse prosjekt og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445258832
- Sist endret
