2 x Sjukepleiar/vernepleiar, 25% fast helg
Øygarden kommune
- Frist 27.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Hidlamyra butilbod
Om avdelinga:
Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Dei ledige stillingane er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur og/eller får oppfølgjing frå bustaden. Dette gjeld brukare som bur utanfor den døgnbemanna bustaden samt Straumsfjellet.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak.
- Rettleiing
- Praktisk bistand
- Nettverksarbeid
- Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe
- Utarbeide og følgje opp i høve til individuell plan/tiltaksplanar
- Journal- og dokumentasjonsansvar
- Oppfølging helse
- Medisinhandtering
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisasjon som sjukepleier/vernepleiar
- Sjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar oppmodast om å søkje
- Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid med aktuell brukargruppe
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner
- Stor grad av fleksibilitet
- Løysingsorientert
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- God evne til å takle stress og hektiske situasjonar
- Fagleg engasjert og interesse for arbeid med brukargruppa
- Positiv og evne til å bidra til eitt godt arbeidsmiljø
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Turnus, dag og kveld med arbeidshelg ca hver 3.helg.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Vernepleier, sykepleier, sykepleierstudent, vernepleierstudent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444781429
- Sist endret