Bilklargjerar - Frydenbø Bil ASV, Førde
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bilklargjerar - Frydenbø Bil ASV, Førde
Er du nøyaktig, effektiv og har auge for detaljar? Trivst du med å arbeide sjølvstendig, men likar også å bidra til eit godt lag? Då kan DU vere den vi ser etter til vårt klargjeringsteam i Førde!
Frydenbø Bil ASV i Førde er ein fullskala Volkswagen-, Audi- og Škoda-forhandlar med eit topp moderne klargjeringsanlegg. Vi tilbyr eit arbeidsmiljø med moderne utstyr og gode fasilitetar, og du får jobbe med nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling og sørgjer for nødvendig opplæring i alle arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Klargjering av nye og brukte bilar før levering til kunde
Vask, polering og enkel kosmetisk behandling av bilar
Montering av ekstrautstyr
Kontroll og rapportering av bilens tilstand
Bidra til orden og system på klargjeringsområdet
Samarbeid med sal- og verkstadteam for best mogleg kundeoppleving
Vi ser etter deg som:
Er strukturert, effektiv og har høg arbeidsmoral
Har auge for detaljar og kvalitet
Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
Har interesse for bil og teknikk
Er serviceinnstilt og omgjengeleg
Har erfaring med digitale arbeidsverktøy
Har førarkort klasse B
Fordelar ved å jobbe hos oss:
Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Konkurransedyktige lønsvilkår og solid eigarstruktur
Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
Støtte til trening
Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom konsernet
Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Hos Frydenbø Bil ASV i Førde får du ikkje berre gleda av å jobbe i ei framifrå bedrift, men du kan også oppdage Førde og omegn – med vakker natur, eit aktivt idrettsmiljø og eit trygt, inkluderande lokalsamfunn.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Norodd Rørstadbotnen på telefon 99205035 – eller epost: norodd.rorstadbotnen@moller.no
Søknadsfrist: Søknader vert handsama fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde, og i 2025 Slatlem Bilforum i Kristiansund. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.
- Sektor: Privat
- Sted: Sanderplassen 1, 6813 Førde
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekanikk og installasjon, Teknisk service
Nøkkelord
bil, bilklargjører, audi, skoda, volkswagen
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446253079
- Sist endret
