Blandeoperatør
Stryn Betong
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Blandeoperatør – bli med å bygge Nordfjord!
Er du praktisk anlagt, likar å ha kontroll, og trivst med å sjå resultatet av arbeidet ditt kvar dag? Då kan du vere den vi leitar etter!
Hjå Stryn Betong AS får du ikkje berre ein jobb – du blir ein viktig del av laget som leverer betong til bygg og prosjekt over heile Stryn og omegn. Her får du vere med på alt frå små prosjekt i sentrum til store bygg på Strynefjellet, alltid med kvalitet og tryggleik i fokus.
Dette får du hjå oss
Fast jobb med gode og stabile vilkår
Full opplæring og kurs etter behov
Eit ekte arbeidsmiljø – vi bryr oss om kvarandre
Ein arbeidsplass der kvar dag er variert: alt frå produksjon til leveranse til lokale bygg og prosjekt
Moglegheit til vidare utvikling innan betongfaget
Dine arbeidsoppgåver
Operere og overvake blandeverket
Planleggje og koordinere produksjon
Sikre at betongen vi leverer held riktig kvalitet
Vedlikehald og reinhald av maskiner og utstyr
Bidra til tryggleik og orden på anlegget
Dette må du ha
Førarkort klasse C eller CE
Norsk – du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg
Vilje til å ta grunnkurs i produksjon av betong , viss du ikkje har det frå før
Det er ein fordel om du også har
Erfaring frå betong eller anlegg
Truck- eller maskinførarbevis
HMS-kurs/kompetanse
Fagbrev innan produksjon eller bygg/anlegg
Kven er du?
Du er praktisk, strukturert og ansvarleg. Du trivst både med å jobbe sjølvstendig og saman med andre, og du løysar utfordringar med eit smil. Du er ein person vi kan stole på, og som vil vere med å bygge Nordfjord – bokstaveleg talt!
Ferdigheter
- Betongproduksjon
- Maskinvedlikehold
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Stryn Betong AS vart stifta i mai 1976. Vi leverer betong primært i Nordfjord, og leverer betong til mellom anna næringsbygg, fjøsar, hus og hytter. Selskapet har i dag fem tilsette med god og lang erfaring innan ferdigbetong. Vi betjener eit blandeanlegg og fem betongbilar.
- Sektor: Privat
- Sted: Lovikvegen 60, 6789 Loen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Betongarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
blandeoperatør, kvalitet, betong, tryggleik, norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442847644
- Sist endret
