Resepsjonsmedarbeidar ved kaikanten
Fjordsafari Norway AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du jobba utandørs og møta folk frå heile verda? Bli med på laget vårt!
Om stillinga
Me søkjer ein serviceinnstilt og utadvendt medarbeidar til mottak ved kaikanten for sommarsesongen. Som ein del av vårt team vil du ha dagleg kontakt med internasjonale gjester og bidra til å skapa gode opplevingar frå første møte. Her får du ein variert arbeidsdag med fjorden som næraste nabo!
ArbeidsoppgåverTa imot gjester og informera om aktivitetar og attraksjonar i nærområdet
Klargjera gjester med flytedrakter, redningsvestar og anna utstyr
Handtera reservasjonar og halde orden i resepsjonen og på kaien
Vedlikehald av utstyr
Dagleg kommunikasjon med båtførarar og guidar
Språkkunnskap: Norsk, svensk eller dansk + engelsk
Førarkort klasse B (manuell gir)
Du er utadvendt, serviceinnstilt og likar å jobba med folk
Evne til å gjera deg kjent med nærområdet og attraksjonar
Erfaring frå reiseliv eller servicebransjen (ikkje krav, men ein fordel)
Språkkunnskap utover engelsk og skandinavisk (pluss, men ikkje krav)
Serviceinnstilt og strukturert
Sjølvstendig og løysingsorientert
Ein lagspelar som handterer høgt tempo og er fleksibel
Kvifor velja oss?
Hos FjordSafari får du ein spektakulær arbeidsplass, gode kollegaer og ein sommar fylt med variasjon og opplevingar. Som medarbeidar på kaikanten blir du ein viktig del av gjesten si oppleving frå første augneblink.
Ferdigheter
- Arbeidsspråket er engelsk
- Nordisk spåk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
FjordSafari er ei aktivitetsbedrift som tilbyr unike opplevingar i hjarta av Fjord-Noreg. Me held til i Flåm og Aurland – ein av Noregs mest spektakulære reiselivsdestinasjonar, med attraksjonar som Nærøyfjorden (UNESCO verdsarv), Flåmsbana, Rallarvegen og Aurlandsdalen.
Med vårt slagord GET CLOSER TO NATURE gir me gjestene naturbaserte opplevingar tett på fjord og fjell. Me tilbyr eit mangfald av aktivitetar året rundt – frå guida RIB-turar på fjorden til vandreturar med natur, kultur og lokale smakar. Om vinteren tek me i bruk truger for å gi gjestene unike utsiktspunkt over fjordlandskapet.
FjordSafari har 16 faste heilårstilsette og rundt 25 sesongtilsette. Me er stolte av å vera ein del av eit sterkt reiselivsmiljø og jobbar kvar dag for å skapa minnerike opplevingar for gjestene våre. No vil me ha deg med på laget!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Nedre Fretheim 9, 5743 Flåm
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Event og arrangementer, Hotell og overnatting, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kaikanten, sommarsesongen, opplevingar, fjorden, språkkunnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445257633
- Sist endret
