Sjukepleiar
Medisinsk poliklinikk Førde, Helse Førde
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Medisinsk poliklinikk har ledig fast 100% stilling som sjukepleiar med arbeidsfelt lunge. Tilsetjing frå snarast.
Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå Medisinsk avdeling, men også frå Kirurgisk avdeling, Barneavdeling og andre.
I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere TBC-pasientane i Sogn og Fjordane og ha tett samarbeid med kommunehelsetenesta
- Koordinere og følge opp nettverket for oksygenkontakter i Sogn og Fjordane.
- Delta i sjukepleierelaterte oppgåver til lungepasientar
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
- Koordinere fag- og systemarbeid på lungefeltet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med lunge- og infeksjonsssjukepleie er ein fordel og vil verte vektlagt
- Vidareutdanning innan lungesjukepleie er ein fordel og vil verte vektlagt
- Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha særskilt interesse for oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom
- Trivst med rettleiing og undervisning individuelt og i grupper
- Er eigna til å drive og administrerere fagleg aktivitet
- Evnar å halde deg fagleg oppdatert
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5056993473
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443524669
- Sist endret
