Sommarvikariat - medisinstudent med lisens/cand.med.
Kreftavdelinga, Helse Førde
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kreftavdelinga har ledig sommervikariat for medisinstudent med lisens/cand.med. Periode: 15.06.2026 - 23.08.2026
Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane (ca 110 000 innbyggjarar).
Avdelinga består av sengepost med 10 senger og poliklinikk, og har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon.
Stillinga er dagtid, med 5-delt vaktordning: kl 16:00-19:00 på kvardagar og kl 09:00 - 14:00 på helg/høgtidsdagar. Vaktskiftet består av overlege og LIS3, eller overlege og medisinstud m/lisens.
Send oss søknaden din og oppgje kva veker du kan arbeide i perioden. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Ordinære oppgåver tilknytta arbeid ved sengepost, visitt, mottak av pasienter med innkomstjournal, epikriser m.m.
- Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande
Kvalifikasjonar
- Dokumentasjon på lisens
- Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling
Personlege eigenskapar
Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som:
- har fagleg interesse og engasjement for fagområda onkologi, hematologi og palliasjon
- har høg arbeidskapasitet, er fleksibel, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- er ansvarsbevisst og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ei avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø
- Høg fagleg kvalitet, og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Knut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5056732282
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442961238
- Sist endret
