
LIS 2/3, Fysikalsk medisin og rehabilitering. 1 års vikariat
Helse Bergen HF
- Frist 30.12.2025
- Ansettelsesform Fast
LIS 2/3, Fysikalsk medisin og rehabilitering. 1 års vikariat
Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig 1 års vikariat i 100% stilling som LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi ønsker ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Her samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 14 legar, inkludert LIS.Klinikken er i ein spanande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
- Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
- Kurs, undervising og pasientopplæring
- LIS deltek i praktisk undervising av medisinarstudentar
- Inngå i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
- Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
- Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
- God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
- Evne til målretta arbeid
- Vilje og evne til nytenking
- Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking
- Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar
- Takler travle og akutte situasjonar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Personleg egnethet blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
- Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Diagnostikk
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS, LIS-lege, lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442010055
- Sist endret


