
Overbioingeniør
Helse Førde
- Frist 08.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Overbioingeniør
Ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, LMBB, i Førde er det ledig stilling for:
Overbioingeniør i 100 % fast stilling.
LMBB er ei felles avdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.
Avdelinga er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
🎉 Sosialt miljø:
Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for nye og spennande arbeidsoppgåver? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team!
Startdato 01.02.2026 eller etter avtale.
Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar innan pasientnær analysering, preanalyse og automasjon
- Fagansvar spermieanalysar
- Opplæring og rettleiing av tilsette og studentar
- Delta i rutinearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som bioingeniør
- Relevant erfaring innan preanalyse, automasjon og PNA er ein fordel
- God IT-kompetanse
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Kunnskapsrik og engasjert
- Pådrivar og diskusjonspartner i kvalitetsarbeidet i avdelinga
- Arbeider målretta og strukturert
- Bidreg positivt til eit godt miljø, fagleg og kollegialt
- Arbeider godt sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Analysere blodprøver
- Automasjon
- Automatisering
- Klinisk analyse i laboratoriet
- Norsk
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Biokjemi, Transfusjon, Blodbank, Automasjon, Preanalyse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442297590
- Sist endret



