Lærar - inntil 100% vikariat
Åmot skule, Vinje kommune
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.
Me søkjer etter ein engasjert og dyktig lærar til vikariat frå snarast og ut skuleåret. Me ser etter deg som brenn for god undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring. Me er særskild på utkikk etter lærarar som har kompetanse i faget matematikk.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande ettersom søknadane kjem inn til oss. Velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan og lovverk
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane, med god autoritativ klasseleiing
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
- Delta i, og bidra til profesjonelle lærande fellesskap ved skulen
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt
- Eventuelle andre funksjonar ved skulen avtalast nærare etter kva kompetanse søkjarane har
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova
- Særskilde fagynskje: Matematikk, kroppsøving
- Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
- Erfaring frå undervisning i grunnskulen i Noreg er ein fordel
- Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg. Me har nynorsk som hovudmål på skulen.
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar og vaksne
- Du har eit positivt elev- og menneskesyn
- Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
- Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
- Du er god til å handtere reglar, uro og åtferdsutfordringar
- Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
- Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
- Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
- Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
- Du likar å lære nye oppgåver
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyr
- Gode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
- Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- God forsikrings- og pensjonsordning
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 35062263, rune.tveito@vinje.kommune.noArbeidsstad
Raulandsvegen 583890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5056590930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442946328
- Sist endret
