Blomsterdekoratør-Gartner-Butikkmedarbeider
Blomen Vinje A/S
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vær med å spre blomsterglede!
- Om Blomen
I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter – både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.
I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.
Me er opne for ulike stillingsprosentar, avhengig av kven som søkjer – skriv gjerne kva som passar for deg.
1. Blomsterdekoratør – heil stilling
(annan stillingsprosent etter avtale)
Me søkjer ein kreativ og fagleg sterk blomsterdekoratør som brenn for blomar, estetikk og gode kundeopplevingar.
Arbeidsoppgåver
Lage vakre bukettar og dekorasjonar til kvardag og større markeringar.
Stell og vareeksponering av snittblomar og planter.
Sal, kundeservice og dagleg drift av butikken.
Bidra i teamet og ta del i ulike oppgåver etter behov – me jobbar breitt og hjelper kvarandre.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Fagbrev som blomsterdekoratør er ynskjeleg; relevant erfaring kan kompensere.
God estetisk sans og interesse for faget.
Arbeidskapasitet og struktur, særleg i travle sesongar.
Serviceinnstilt, positiv og glad i folk.
Førarkort klasse B.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
2. Gartner – heil stilling
(annan stillingsprosent etter avtale)
Me ynskjer ein kunnskapsrik og praktisk orientert gartnar som kan styrkje vår fagkompetanse på planter og plantestell.
Arbeidsoppgåver
Stell av potteplanter, utplantingsplanter, stauder, buskar og tre.
Lage utstillingar og presentasjonar som framhevar plantene.
Kunderettleiiing om plantestell, vokseforhold, jord og gjødsling.
Bidra til rein, ryddig og inspirerande butikk inne og ute.
Delta i teamarbeidet og ta del i varierte oppgåver etter sesong.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Gartnerutdanning og/eller fagbrev er ynskjeleg. Relevant erfaring frå planteskule, gartneri, hagesenter eller liknande er òg aktuelt.
Praktisk, sjølvstendig og løysingsorientert, med evne til å jobbe effektivt i sesongtoppane.
Positiv, omgjengeleg og glad i kundekontakt.
Førarkort klasse B.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
3. Butikkmedarbeidar – halv stilling
(annan stillingsprosent etter avtale)
Me treng ein triveleg og serviceorientert butikkmedarbeidar som likar å jobbe med både folk og blomar.
Arbeidsoppgåver
Sal og kundebehandling i butikk.
Bidra til å halde butikken rein, ryddig og inspirerande – inne og ute.
Delta i teamet og hjelpe til der det trengst, tilpassa sesongane.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Erfaring frå sal, butikk eller liknande er ein fordel.
Strukturert og arbeidsvillig, med evne til å jobbe både i team og sjølvstendig.
Utadvendt, serviceinnstilt og positiv.
Førarkort klasse B.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Me tilbyr
Eit kreativt, variert og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, kvalitet og det som gror.
Mogleghet til å vere med på ei spennande nyopning og vidare utvikling av Blomen.
Høg grad av påverknad på eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.
Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
- Vil du bli ein del av vårt nye team?
Send søknad og CV til blomen.vinje@gmail.com innan 31.12.2025.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt:
Daniel: 922 12 596
Me gler oss til å høyre frå deg – og kanskje ynskje deg velkommen når Blomen opnar dørene i nye, flotte lokale!
Ferdigheter
- Gjennomføre aktivt salg
- Norsk
Om arbeidsgiveren
Søk oss gjerne opp på Instagram (blomenvinje) og facebook.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Vinjevegen 192, 3890 Vinje
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
kundeopplevingar, blomsterdekorasjon, estetikk, snittblomar, planter
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441049578
- Sist endret