Rektor/Verksemdsleiar på Fjellgardane skule
Bykle
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Rektor/Verksemdsleiar på Fjellgardane skule
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal. Den er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar og for tiden 18 tilsette. Bykle
kommune har gode skular og ønskjer oss rektor som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulen
er godt utstyrte, for både lærarar og elevar. Det er uteområde som egnar seg for uteundervisning. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Rektor skal vera ein
fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter deg som er engasjert og
har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Den som blir tilsett må ha gode relasjonelle ferdigheitar og innsikt i
administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk.
Som rektor ved Fjellgardane skule vil du få spele på lag med med rektor, barnehageleiar, kultur og fritidsleiar, samt kommunalsjef.
Arbeidsoppgaver
- Pedagogisk leiing og utvikling av profesjonelle læringsfellesskap
- Lede skulens utvikling og forbetringsarbeid
- Forvalte skulens ressurar på ein måte som sikrar god trivsel for elever og tilsette
- Økonomi og personalansvar for eininga
- Styrke medverkning gjennom strukturerte og inkluderande prosessar
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Motivere for, og sikre eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Følje opp dei avtalane og satsingsområda skulane har
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjoner
- Relevant pedagogisk utdanning/lærarutdanning
- Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
- Ha god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
- Leiarerfaring og/- eller leiarutdanning er eit fortrinn
- Gode relasjonelle ferdigheitar
- Evne til å skape ein samhandlingskultur
- Søkjarane må ha god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Personlige egenskaper
- Du er ein synleg leiiar som kan stå foran og vise retning
- Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosessar og involvering av medarbeidarar
- God fagkompetanse og legitimitet
- Opptatt av å skape eit "vi"
- Evne til å bygge relasjoner til elevar, tilsette og føresette
- Positiv og fleksibel
- Vise engasjement til arbeidskvardagen
- Gode gjennomføringsevnar
Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Ein skule med moderne fasilitetar og gode pedagogiske verktøy.
- Ein skule med fast uteskuledag kvar veke for heile skulen.
- Støtte frå ein inkluderande leiiargruppe
- Delta i kommunens leiiarutviklingsprogram
- Løn etter avtale
- Bykle kommune er ein distriktskommune, og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i eit år avskriving på studielån på 25 000,- pr år
- God pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Juridisk kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rektor, Leder, Undervisning, Lærer, Pedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442121932
- Sist endret


