Vi søkjer etter radiografar
Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du breidde i arbeidsdagen, der du får jobbe innan ulike fagområde og modalitetar? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!
Vi har ledig radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:
- 1 x 100% fast stilling frå 02.02.2026
- 2 x 100% vikariat 02.02.2026 - 16.08.2026
Stillingane inneheld radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT og ultralyd. Stillingane er del av ein 3-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4. helg. Det er også moglegheit for opplæring og rullering innom MR eller mammografi.
Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast.
Trivsel og kvalitet
Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.
Kva kan vi tilby?
- Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
- Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
- Sidan du rullerar og er innom fleire fagområde og modalitetar, vil du få ein variert arbeidskvardag og brei erfaring.
- Du får konkurransedyktig løn, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Her kan du bli betre kjent med oss, samt få 10 gode grunnar til å jobbe i Førde
Kven ser vi etter?
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande
for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar
og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å
jobbe innan ulike fagområde og modalitetar. Det er krav om norsk autorisasjon
som radiograf.
Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar,
klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg
kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på
instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv,
kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd
kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du
oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle
røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og
screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde
sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan
dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616Arbeidssted
Svanahuagvegen 76812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5056666143
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 18.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442909736
- Sist endret