LIS 2/3, fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Gynekologi leger Haugesund
- Frist 6.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Søkjer du etter ei spennande utfordring?
Kirurgisk klinikk lyser ut 1 vikariat som LIS 2/3 innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vikariatet har oppstart frå februar/mars 2026. Stillinga inngår i ei 8-delt tilstadevaktteneste.
Avdelinga har 12 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetsavdelinga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
Klinisk arbeid på avdelingens poliklinikk, sengepost og operasjonsstue:
- Gynekologisk avdeling
- Føde/barsel avdeling
- Poliklinikk
- Ø.hjelps mottak
- Elektiv og akutt kirurgi
- Deltagelse i avdelingens undervisning
- Rapportere og dokumentere i henhold til gjeldande lov og prosedyre
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Gjennomført LIS 1
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- møter pasientar og pårørande med respekt og tryggleik
- er sjølvstendig og nøyaktig
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Kvifor skal du velje oss?
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Ingvild Svåsand, Funksjonsleiar - legar, +47 47758854Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5056616199
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 06.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442903076
- Sist endret
