Intensivsjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 18.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Intensivsjukepleiar? Bli ein del av MIO-teamet
Medisinsk intermediær overvaking (MIO) ved Haugesund sjukehus har ei ledig 100 % fast stilling som intensivsjukepleiar.
MIO tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansetteog komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Eininga behandlar pasientar som trengkardiologisk eller medisinsk intermediær overvaking. Vi behandlingakutt/truande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, hjertesvikt og andre akuttehjartesjukdommar. Vi behandlar òg pasientar med respirasjonsproblem som har behovfor NIV, ketoacidose, intoxer, actilyse mm.
Hos oss blir du ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer. Vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet, teamarbeid og tett samarbeid med andre faggrupper.
Hos oss får du vere med og påverke turnusen din.
Vi tilbyr fleksibilitet i både lengda og tidspunkt for vaktene – og vi lyttar gjerne til dine ønskje. Vakthelg blir det kvar tredje helg, men elles har du stort rom for å få ein kvardag som passar deg. I tillegg har vi noko å gle oss til: Det blir bygd nye, moderne MIO-lokalar – klare til innflytting på nyåret 2027!
✨ Bli med på laget vårt – søk no!
Kva går jobben ut på?
- Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
- Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
- Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Tolking av EKG/rytmar (scopsentral - overvaking).
- Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
- Inngå i tredelt turnus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Relevant sjukehuserfaring og erfaring.
- Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
- Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
- Fagleg engasjert og interessert.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevjande situasjonar
- eg god på å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din
Personleg eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Høgt fagleg nivå.
- Oppfølging og opplæring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.
- Fagleg utvikling gjennom fagdagar og simuleringstrening.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
- Moglegheit til å påverke eigen turnus, til dømes med langvakter på helg og lengre friperiodar.
Tiltredelse etter avtale.
Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Akuttbehandling
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
- Intensivsykepleie
- Medisinsk utstyr
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgaten 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykepleier, intensiv, hjerte, mio, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438246233
- Sist endret
