Avdelingsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie ei viktig støttefunksjon for pasientbehandlinga?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert avdelingsleiar til Kontaktsenteret ved Haugesund sjukehus.
Avdelinga består av Dialogsenteret og Dokumentsenteret og har ei sentral rolle i å støtte pasientbehandlinga i Helse Fonna.
Gjennom funksjonar som sentralbord og resepsjon, dokument- og posthandtering, henvisningar, journal og saksarkiv er avdelinga eit viktig kontaktpunkt mellom pasientar, brukarar og føretaket sine poliklinikkar. Med om lag 25 årsverk bidreg Kontaktsenteret til effektive, trygge og kvalitetssikre pasientforløp.
Som avdelingsleiar får du ansvar for dagleg drift og vidareutvikling av tenestene i tett samarbeid med leiarar og medarbeidarar. Du har heilskapleg ansvar for personal, fag, system, HMS og økonomi, og rapporterer til områdedirektør.
Kva går jobben ut på?
- Sørgje for optimal drift av einingane Dialogsenter og Dokumentsenter.
- Ha ansvar for personal, fag, økonomi og system.
- Vere ansvarleg for systematisk HMS-arbeid og internkontroll.
- Sikre kontinuerleg forbetringsarbeid i avdelinga.
- Bidra i det årlege strategiske arbeidet, mellom anna gjennom evaluering av strategi og handlingsplanar i organisasjonen.
- Bidra til godt samarbeid og skape gode relasjonar med andre einingar i føretaket.
- Legge til rette for god rekruttering til avdelinga, mellom anna gjennom bruk av lærlingar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Leiarutdanning er å føretrekkje, men anna relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehusdrift.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeidsevner og arbeider for kontinuerleg forbetring i organisasjonen.
- er strategisk orientert og deltek aktivt i faglege og organisatoriske drøftingar.
- tek ansvar, arbeider sjølvstendig og målretta, og trivst med høgt tempo.
- er lojal mot vedtekne avgjerder og bidreg til god gjennomføring.
- fremjar ei positiv og profesjonell servicehaldning.
- ønsker å byggje ja kultur og har "lett på foten" holdning.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling gjennom interne leiarutviklingsprogram
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Internkontroll
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Strategisk ledelse
- Sykehusledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 51, 5531 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avdelingsleder, ledelse, sykehus, drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442858813
- Sist endret

