Leiar teknologi og dataflyt
Helse Fonna HF
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas helsetenester gjennom smart bruk av teknologi?
God teknologi handlar ikkje først og fremst om system, men om god flyt.
Flyt i pasientforløp og gode pasientopplevingar.
Flyt i arbeidskvardagen til legar og anna helsepersonell, som får hindringar fjerna.
Flyt av data mellom medisinsk utstyr og datasystem, i tråd med lovverk, til beste for pasientar og tilsette.
Til denne nyoppretta rolla søkjer Helse Fonna no ein leiar som skal ta eit samla ansvar for teknologiområdet vårt og sørge for at teknologi gir mest mogleg verdi for pasientar og tilsette, i ei tid der vi må levere meir med færre hender.
Stillinga har eit breitt mandat og stort handlingsrom, der du både skal sikre trygg og stabil drift av eksisterande maskinpark og datasystem, som pasientjournal og logistikksystem. Men samtidig ta ut utviklings- og effektiviseringspotensialet som ligg i nasjonale og regionale prosjekt, nye system og integrasjonar med medisinsk teknisk utstyr. Og viktigast, implementeringa av alt dette. Derfor ser vi etter deg som kan ta det overordna blikket, sjå samanhengar og moglegheiter for å skapa ein endå betre kvardag for tilsette og pasientar.
Som leiar for teknologi og dataflyt får du eit overordna ansvar for IKT-rådgjevarar og avdelingane medisinsk utstyr og helsedata. Rolla er ein del av leiargruppa til Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap og rapporterer til denne.
Kva går jobben ut på?
- Etablere og bygge avdelinga i samarbeid med fagmiljø og klinikkdirektør.
- Sørge for god samhandling mellom kliniske behov, teknologiske løysingar og regionale/nasjonale prosjekt.
- Ta eigarskap til fagområdet og sikre heilskapleg prioritering og forbetring av teknologi, helsedata og medisinsk utstyr.
- Skape flyt i arbeidsprosessar og pasientforløp gjennom målretta bruk av teknologi.
- Sikre god implementering gjennom jamn dialog med fagmiljø og avdelingar.
- Personal- og budsjettansvar for avdelinga, med personalansvar for to funksjonsleiarar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgare utdanning, til dømes innan data, teknologi, medisin teknikk eller prosjektleiing. Relevant erfaring kan kompensera.
- Kan vise til relevante erfaringar, leiarerfaring med personalansvar er ønskeleg.
- Brei teknologisk interesse og forståing for integrasjonar er viktig, kjennskap til medisinsk utstyr er ein fordel.
- Erfaring frå implementering av digitale løysingar er ein fordel.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Tenker heilskapleg og ser samanhengar og praktiske løysingar.
- Bygger tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid.
- Evner å motivera og inspirera og har sterk gjennomføringsevne.
- Kan kommunisera teknologiens verdi til avdelingar og mot leiing.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Ei nyoppretta leiarstilling med stor påverknadskraft på val og utvikling.
- Moglegheit til å bygge opp og forme ei ny avdeling.
- Eit godt fagleg og kollegialt miljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Ansvar for digital infrastruktur
- Forbedring og optimalisering av maskinene
- Implementering av systemer
- Medisinsk utstyr
- Programvareintegrasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Dataflyt, Ledelse, Teknologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442875044
- Sist endret