Psykolog i tverrfagleg team
Behandlerteam psykisk helsevern Haugesund
- Frist 7.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du ein jobb der du kan bruke litt lengre tid på behandling?
Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken (LUP) er no på jakt etter ein ny kollega som vil bli ein del av vårt team i et vikariat. Hos oss møter du eit godt lag, med både forskingsprosjekt, regional funksjon og klinisk fordjuping. Alt samla i eit arbeidsmiljø som gir rom for både fagleg og personleg utvikling. Det kan leggast til rette for fleksible arbeidstidsordningar.
Poliklinikken har eti stimulerende, engasjert og godt arbeidsmiljø, med fokus på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt. Vi er tilknytta Klinisk forskingsgruppe for mental helse, avhengnad og nevroutviklingsforstyrringar i Helse Fonna.
Høyrest dette ut som ein plass for deg? Send inn søknaden din i dag! Eller tek kontakt med Oddbjørn for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å bli betre kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
Du får blant anna jobba med:
- Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos vaksne med generelle lærevanskar.
- Samarbeid med tjenester i, og utanfor, spesialisthelsetjenesten.
- Rettleiing, undervisning og bidra til kompetanseheving.
- Delta i forsknings- eller kvalitetsforbedringsarbeid.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Psykolog med autorisasjon i Norge
- Klinisk erfaring med barn/unge eller voksen innen psykisk helse eller nevropsykologi er ønskeleg.
- Erfaring fra arbeid med psykiske lidelser ved nevrotviklingsforstyrrelser er ønskeleg.
- Norsk (B2 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål). Språkmeistring vil vera ekstra vektlagt mtp. målgruppa for tenesta og kommunikasjonsutfordringar dette kan medføra.
Vi vektlegg sterkt at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring.
Kva ser vi etter hos deg?
VI ser etter deg som:
- arbeider målretta og har evne til å tilpasse deg ulike oppgåver.
- kommuniserer godt og samarbeider fint i tverrfaglege team.
- tek ansvar og kan løyse oppgåver på eiga hand når det trengst.
- bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- møter pasientar og kollegaer med engasjement, tolmod og overskot.
- har interesse for, og trivst i arbeid med pasientar som har langvarige og samansette behov .
Kvifor skal du velje oss?
- Eit fagmiljø med høg kompetanse og regional funksjon.
- Aktiv deltaking i forsking, utvikling og innovasjon – nasjonalt og internasjonalt
- Godt arbeidsmiljø med tett samarbeid og god trivsel.
- Vi tilrettelegg for fleksible arbeidstidsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Eit meiningsfylt arbeid som gir både fagleg og personleg utvikling.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Hove, Funksjonsleiar, +47 92402743Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5054542194
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442883611
- Sist endret
