Overlege i psykiatri
Helse Fonna HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye overlege i psykiatri?
Som overlege hos oss vil du bli ein viktig del av eit miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake. I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt.
Psykosepoliklinikken er ei stor, spesialisert og fagleg sterk eining som utreder og behandlar personar med psykoseproblematikk. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde.
Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper. Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Vi samarbeider tett med NAV om Individuell jobbstøtte (IPS), som er ein integrert del av behandlingstilbodet.Psykosepoliklinikken er involvert i eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.
Psykosepoliklinikken driv ein eigen sengepost der dei same behandlarane frå poliklinikken følgjer pasientane under innlegging. Dette gir eit samanhengande og heilskapleg behandlingsforløp der pasientane møter dei same fagpersonane både poliklinisk og under døgnopphald. Døgnposten ligg samlokalisert med ein ordinært drifta psykosepost med eige behandlarteam.
Psykosepoliklinikken er del av eit solid tverrfagleg miljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, samt høgskuleutdanna fagpersonar med vidareutdanning. Verksemda er lokalisert i både Haugesund, og i Haugaland DPS sine lokaler i Kopervik.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Tverrfaglig klinisk arbeid i team
- Rettleiing og internundervisning
- Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
- Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon
- Godkjent spesialisering i psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- ser pasienten
- er strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er ein god teamarbeidart
- trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordringar
- har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- En arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Kompetanseutvikling og vidareutdanning
- Moglegheitfor deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling
- Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Diagnostikk
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Floraveien 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Overlege, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438099735
- Sist endret


