Ferievikarar Ytre Haram omsorgsdistrikt
Haram kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb? Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar!
I juni, juli og august treng vi ferievikarar i Haram omsorgstenester. Vi kan tilby gode bonusordningar for ferievikarar! Les informasjon om dette under.
Vi trenger vikarar hos:
- Haram Omsorgssenter
- Heimtenesta på Nordøyane
- Heimtenesta i Ytre Haram
- Dagsenter avd Longva/Brattvåg
Vi søkjer etter personar med helsefagleg kompetanse og pleiemedhjelparar. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Har søkjer spesifikke ønskjer er det flott om ein skriv om ein primært ønskjer å arbeide på omsorgssenter eller i heimetenestene.
Det er fortløpande tilsetting.
Om Haram omsorgstenester
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, heimeteneste, dagsenter og kjøkken
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
- Vi treng også heimehjelper til å utføre vask og praktisk bistand hos heimebuande brukarar
Kvalifikasjonar
- For stillingar i heimeteneste er det krav om førarkort klasse B
- Det er krav om å kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioda veke 26-33
- Personar som kan arbeide 6-8 veker vil bli prioritert
Personlege eigenskapar
- Du må vere omsorgsfull, ha gode samarbeidsevner og kunne bygge gode relasjoner til våre brukere
- Du må vere lærevilleg og kunne ta til deg kunnskap som blir gitt under opplæring
- Du må vere presis, ansvarsfull og ha god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Løn etter tariff.
- God opplæring.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Sommarvikarar som arbeider meir enn seks veker i sommarturnus, får kr 5 000 per ekstra veke (veke 7 og 8). Det er krav om at den tilsette i snitt arbeide i minst 80 % stilling i heile den perioden hen har avtalt å vere ein del av sommarturnusen. Dersom fråvær medfører at stillingsprosenten fell til under 80 %, vert bonusen ikkje utbetalt.
- Arbeid i turnus, også langvakter.
Kontaktinformasjon
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.noArbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5055695307
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 23.08.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442562514
- Sist endret
