
Lagermedarbeider
XL-BYGG Roald
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Effektiv og kundeorientert lagermedarbeider for XL-BYGG Roald
XL BYGG Roald søkjer Lagermedarbeidar
XL-BYGG er ei av landets største byggevarekjeder med over 90 butikker rundt om i Norge. Vår ambisjon er å vere den leiande faghandelen innan trelast og byggevarer. Kvar dag jobbar vi i XL-BYGG etter mottoet "Den hyggelege eksperten". Vi ønskjer å fokusere på det som verkeleg betyr noko når ein skal bygge - nemleg å kunne tilby kvalitetsverktøy, gode materialar og ikkje minst profesjonell og hyggeleg hjelp.
Sverre Roald AS er medlem i XL-BYGG og aksjonær i Mestergruppen og profilerer seg utad som XL-BYGG Roald. Saman med søsterselskapet RoaldHus AS har vi totalt 14 tilsette, ei nesten 80-årig historie og eit solid økonomisk fundament. Vår verksemd er trelast- og byggevaresalg samt bustadbygging. Ein av våre tilsette går over i ny stilling internt og vi søkjer derfor ny lagermedarbeider.
Vi søkjer etter ein motivert proffselgar med godt humør og som trivast i eit til tider hektisk miljø der kvalitet og god kundebehandling vert sett i høgsete. Vi søkjer deg som gir det lille ekstra, og som skil seg ut med entusiasme og stort engasjement. Du speiler våre kjerneverdiar - Blid, Ekte og Proff, og bidreg med å forsterke verdiarbeidet i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Ordrebehandling, plukking, pakking og utlevering av varer
Varemottak, kontroll og registrering av varer
Sikre at rett vare, med rett kvalitet, kjem fram til rett tid
Bidra til at lageret er ryddig, oversiktleg og godt merka
Kundekontakt – både proff- og privatkundar – der du hjelper med å finne gode løysingar
Oppgåver knytt til utstillingar, opplæring og vidare kompetanseutvikling
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar
Har erfaring frå byggevarer, lager eller byggjebransjen
Er komfortabel med bruk av dataverktøy
Trivst med kundekontakt og yter god service
Truckførerbevis
Kranførerbevis
Kva tilbyr vi?
Ein trygg arbeidsplass i ei solid verksemd
Varierte arbeidsdagar med mykje ansvar
God opplæring og tilgang på XL BYGG si verktøykasse for kompetanseutvikling
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Meir informasjon om stillinga får du ved å vende deg til Snorre Roald tlf. 70189417.
Vi behandlar søknader fortløpande.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Nørestranda 45, 6040 Vigra
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Lagermedarbeider, Logistikk og lager
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lagermedarbeider, kundeservice, xl bygg, byggevare, lager
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442142542
- Sist endret



