Marknads- og salssjef – Fotefar Temareiser
Fotefar Temareiser As
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie sal og marknadsføring av reiseopplevingar med høg kvalitet, og vere med å forme Fotefar sin vidare vekst
Fotefar Temareiser utviklar og gjennomfører temareiser for menneske som vil lære, oppleve og forstå meir av verda. No søkjer vi ein marknads- og salssjef som tek heilskapleg ansvar for den kommersielle utviklinga -- frå strategi og analyse til operativ gjennomføring.
Overordna ansvar
Sal
• Utarbeide og gjennomføre salsstrategiar og handlingsplanar.
Kundeinnsikt og utvikling
• Analysere kundedata, salstal og trendar for å identifisere forbetringsområde og nye marknadssegment.
Marknadsføring og kommunikasjon
• Planleggje og gjennomføre målretta marknadsaktivitetar, med særleg vekt på digitale kanalar.
Vi ser etter deg som:
• Er sterkt motivert for salog kommersiell utvikling
• Har solid erfaring med sal og marknadsføring, gjerne i ei leiarrolle, og trivst med både strategisk og operativt ansvar.
• Brenn for reiseliv, kultur og formidling, og forstår verdien av godt innhald, fagleg tyngde og truverd i kommunikasjonen.
• Har god forståing for digitale kanalar og analyse, og kjenner verktøy som Facebook Business Manager, Google Analytics og nyheitsbrevsystem.
• Har god kjennskap til Adobe-verktøy , særleg InDesign, og erfaring med å produsere og ferdigstille materiell som turprogram, annonsar og presentasjonar.
• Skriv godt og presist på norsk, og evnar å tilpasse språk og form til ulike målgrupper og kanalar.
• Har forståing for visuelt uttrykk, og veit korleis bilete, video og design styrkjer sal og merkevare.
• Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla, men samarbeider lett med kollegaer, reiseleiarar og eksterne partnarar.
• Har bakgrunn frå reiseliv, media, marknadsføring eller sal -- men dokumenterte resultat og relevant kompetanse er det viktigaste.
Brenn for sal og kommersiell utvikling, og finn motivasjon i å skape resultat
Hjå Fotefar får du:
• Ei sentral nøkkelrolle i ei verksemd med tydeleg identitet og sterk fagleg profil.
• Ein variert kvardag i ei reiselivsverksemd i utvikling og vekst.
• Stor påverknad på strategi, produktutvikling og vidare retning.
• Eit engasjert og kunnskapsrikt arbeidsmiljø.
• Konkurransedyktige vilkår.
• Reise -- sjølvsagt. For å kunne selje og formidle Fotefar sine reiser, må du kjenne produkta våre.
Arbeidsoppgåver:
• Overordna ansvar for marknads- og salsarbeidet i Fotefar.
• Vidareutvikle og gjennomføre sals- og marknadsstrategiar for temareisene våre
• Ansvar for tekst, bilete, video og design på Fotefar sine nettsider.
• Produksjon av innhald til SoMe, nyheitsbrev, turprogram og digitale annonsar.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442561371
- Sist endret
