Miljøterapeut, 2.gangs utlysning.
Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Butenesta i Haram har ledig to 100 % faste stillingar som miljøterapeut ved Haram bustadar 1.
Om stillingane:
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, med arbeid kvar 3. helg i langvakter.
Om oss:
Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustadar yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du være ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vært med i prosjektet TØRN.
Stillingane er ledig frå 2. mars -26, eller etter avtale.
Oppbygning av Haram bustader:
Haram bustader består av tre avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustadar, Haram bustadar 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter, vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøter der en kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfaglig samansett personalgruppe beståande av ulike utdanningar og kompetanse.
Haram kommune:
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Har ønske om å utvikle deg og tilegne deg ny kunnskap og erfaring.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.
Kontaktinformasjon
Susanne Snipsøyr, Avdelingsleiar, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5053776259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442509513
- Sist endret
