Personal - og organisasjonssjef
Kommunedirektør
- Frist 9.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Likar du å arbeide strategisk og operativt med personal- og organisasjonsutvikling?
Midt-Telemark kommune søkjer ein utviklingsorientert og fagleg sterk leiar som vil få ei sentral og synleg rolle i den vidare utviklinga av kommunen.
Personal- og organisasjonssjefen blir næraste leiar for dyktige medarbeidarar som arbeider med personal- og organisasjonsutvikling, inkludert servicekontor, politisk sekretariat, kommunikasjon og arkiv. Avdelinga skal gje solid støtte og rådgiving til kommunens leiarar, samt vere ein aktiv pådrivar for heilskapstenking, digitalisering og organisasjonsutvikling i kommunen. Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg eller kommunal sektor.
Du blir motivert av å gjere andre gode. Du er god på folk og likar å arbeide i lag med andre. Midt-Telemark kommune har satsa på utvida partssamarbeid, og vi ser det som viktig for utvikling av organisasjonen. Du har høg etisk standard og er medviten om korleis kommunen forvaltar sitt omdøme som arbeidsgjevar. Du gir leiarstøtte i krevjande saker og kombinerer fagleg kvalitet med ein praktisk tilnærming. Personal- og organisasjonssjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til utvikling og digitalisering av Midt-Telemark kommune på eit strategisk og operativt nivå
- Vere ein pådrivar i kommunens arbeid med å redusere sjukefråvær og skape helsefremjande arbeidsplassar
- Bidra til å vidareutvikle ein organisasjonskultur for effektiv utnytting av ressursar, god verksemdsstyring og heilskapleg utvikling av kommunen gjennom å skape engasjement og samhandling i organisasjonen
- Arbeide med implementering av nytt leiarutviklingsprogram
- Rettleie og støtte leiarar i relevante spørsmål knytt til personal og organisasjon
- Vidareutvikle kommunens arbeid med kommunikasjon og handtering av dokument
- Ha ansvar for kommunens arbeidsgjevarpolitikk, lønnspolitikk og andre overordna retningslinjer og planar innanfor personal og organisasjon
- Sikre eit godt og konstruktivt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta, inkludert å leie forhandlingar og drøftingar med leiarar og tillitsvalde
- Vere ein engasjert bidragsytar i kommunedirektøren si leiargruppe
- Leie, motivere og vidareutvikle eigen avdeling, samt ha budsjettansvar for eige område
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Du må ha relevant høgare utdanning
- Du må ha erfaring med leiing av personal
- Du må ha erfaring frå endrings- og omstillingsprosessar
- Du må ha gode digitale ferdigheiter
Ønska kompetanse
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
- Du bør kunne vise til gode resultat som leiar eller spesialist innanfor fagområdet
- Du har god kjennskap til relevant arbeidslivsjuss, lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
- Du er god med folk
- Du har ein tydeleg leiarstil som fremjar tillit og får dei rundt deg til å løfte i lag mot felles mål
- Du har god organisasjonsforståing og er ein god leiarstøtte i møte med kommunens leiarar
- Du har god arbeidskapasitet og evne til å prioritere, strukturere og delegere arbeid til andre
- Du har gode kommunikasjonsevner som gjer at du kan handtere og løyse konfliktar
- Du har evne til å leie og motivere sjølvstendige medarbeidarar
- Du jobbar godt med hovudtillitsvalde og vernetenesta
- Du har svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt i denne stillinga
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Midt-Telemark kommune vil frå 01.01.2027 inngå i det innovative og spennande tenesteutviklingssamarbeidet i Kongsbergregionen
- Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Eva Rismo, Kommunedirektør
Arbeidsstad
Bøgata 67
3800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5054676857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442484181
- Sist endret