Seljord Folkehøgskule søkjer vaktmeister frå 1. mai 2026.
Seljord Folkehøgskule
- Frist 15.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Seljord Folkehøgskule søkjer ein vaktmeister som trivst i eit kreativt miljø og har gode evner til kommunikasjon og samarbeid med kollegaer og elevar.
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som
· Har fagbrev eller realkompetanse innan relevante fagområde
· Har god digital kompetanse
· Har gyldig førarkort klasse B (BE og/eller D1 er ein fordel)
· Har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
· Likar å omgåast ungdom, har gode samarbeidsevner og godt humør i ein hektisk kvardag
· Har stor arbeidskapasitet, er strukturert, løysingsorientert og fleksibel
· Har gode kommunikasjonsevner
· Evne til å bygge gode relasjonar med ungdom og vaksne
· Godt humør og romsleg menneskesyn
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Nærmare opplysningar: kontakt Seljord Folkehøgskule på tlf. 350 58 040.
Søknad med CV sendast elektronisk til kontor@seljord.fhs.no innan 15. januar 2026.
Les meir om skulen på www.seljord.fhs.no.
Arbeidsoppgaver
Skulen har ein omfattande bygningsmasse med seks internatbygg, tre undervisningsbygg, fellesareal, to einebustader og eit stort uteområde. Vi oppgraderer og vedlikehald skulen fortløpande, og no søkjer vi ein vaktmeister som vil bidra til å halde standarden høg. Du blir ein aktiv del av drifta og er med på å gjere skulen til ein endå betre stad å vere for alle.
Om sommaren er skulen mykje brukt som overnattingsstad for større og mindre arrangement. Som vaktmeister vil du òg vere med på ulike arbeidsoppgåver i sommarhalvåret.
Likar du at det skjer mykje forskjellig? Då er dette arbeidsplassen for deg!
Sentrale arbeidsoppgåver· Tilsyn, drift og vedlikehald av bygg, uteareal, tekniske anlegg, avfallshandtering og bilpark
· Forfallande vedlikehald av utstyr og inventar
· Brannvernleiar med ansvar for opplæring og oppfølging
· Utgreiing og oppfølging av kort- og langsiktige bygge- og vedlikehaldsprosjekt, inkl. anbod og rapportering
· Avvikshandtering i tråd med HMS og internkontroll
· Vekentlege møte for å gjennomgå status for drifta
· Vere synleg og delta i skulekvardagen og bidra til eit godt miljø
Vi tilbyr
Vi tilbyr
· Ei sjølvstendig og utfordrande stilling
· Varierte og interessante arbeidsoppgåver
· Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
· Løn etter avtale
· Medlemskap i Statens pensjonskasse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442427090
- Sist endret

