Fagarbeider - fast
Midt-Telemark kommune
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeider
Teknisk sektor med eining for veg, vatn og avløp har ansvar for drift og vedlikehald av om lag 35 mil med vatn- og avløpsleidningar. I tillegg har avdelinga ansvar for 17 mil med kommunale vegar, tre vassverk og fem avløpsreinseanlegg.
Eininga har eit godt arbeidsmiljø med 12 tilsette i alderen frå 30-åra til over 60 år. Me har fokus på å jobbe i team, og alle bidreg til å løyse dei utfordringane det fører med seg at anlegga skal fungere 24 timar i døgnet heile året. Dette er verdiar det vil bli lagt stor vekt på.Stillinga gjeld fagarbeidar/driftsoperatør (100 %) for vassforsyning, med hovudvekt på dagleg drift, ettersyn, vedlikehald og utvikling av vassverka i Midt-Telemark kommune og tilhøyrande leidningsnett, trykkaukestasjonar, høgdebasseng og andre installasjonar knytt til vassforsyninga. Oppmøtestad er Bekkevoll, Gullbringvegen 20.
Arbeidsoppgåver
- Overvaking og styring av vassforsyninga gjennom driftkontrollsystem
- Prøvetaking
- Lekkasjesøk
- Vaktordning knytt til stillinga – noko kvelds- og nattarbeid på vakta må påreknast
- Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev, lang relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for manglande fagbrev
Ønska kompetanse
- Erfaring og kompetanse med drift av vassverk, trykkaukestasjonar, høgdebasseng og leidningsnett
- Norsk Vann driftsoperatørkurs
Særskilde krav
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Jobbe både sjølvstendig og i team
- Praktisk anlagt med god teknisk forståelse
Personlig egnethet vil vektlegges
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
FerdigheterAI-generert
- Drift av vann og avløp
- Drift og vedlikehold av den kommunale vannforsyningen
- Lekkasjesøking
- Prosesskontrollsystem
- Samle inn prøver
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10900 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Drift, Vedlikeholdstjenester, Bygg, Anlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441281460
- Sist endret
