Konsulent/ kontormedarbeidar
Florø ungdomsskule
- Frist 2.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Florø ungdomsskule har skuleåret 2025/ 2026 ca. 440 elevar i 17 klasser og 80 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling etter mål om inkluderande praksis og eit godt og trygt miljø for alle. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeider vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar, og aktivitetar i fellesareala våre som engasjerar og inkluderar. Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.
6905 Florø
Referansenr.: 5053388357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2026
Arbeidsoppgåver
- vikarhandtering
- sakshandsaming for rektor
- kontakt med elevar og føresette
- innkjøp
- praktiske oppgåver
- handsaming/rapportering av timar/lønnsutbetaling, budsjett, fakturering
Kvalifikasjonar
- god kompetanse i bruk av IT-verktøy. Vi nyttar verktøy som ACOS Websak, Visma Enterprise, Framsikt, Tieto RS og IST
- god norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- nøyaktig og strukturert
- har god samarbeids-, og kommunikasjonsevne, og er serviceinnstilt
- har erfaring med personaladministrative oppgåver og sakshandsamarerfaring, samt erfaring innan lov og avtaleverk for skulen
- har erfaring med budsjettarbeid
- tek ansvar for fellesoppgåver og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- set deg raskt inn i nye dataløysingar
Vi tilbyr
- gode løns-og pensjonsvilkår
- tilgang til god kompetanseutvikling
- eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981Arbeidsstad
Havrenesvegen 46905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5053388357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441589735
- Sist endret


