F&B operations manager
Norway's best AS
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Operations Manager – F&B – Myrkdalen Fjellandsby
Vil du leie og utvikle mat- og drikkeopplevingane i ein av Noregs mest spennande fjelldestinasjonar?
Myrkdalen Fjellandsby er eit av Vestlandets raskast veksande heilårsreisemål – kjent for snørike vintrar, sterke matkonsept, store arrangement og eit breitt spekter av serveringsstadar. No søkjer vi ein Operations Manager F&B som vil spele ei nøkkelrolle i vidare profesjonalisering og utvikling av destinasjonen sine mat- og drikkeopplevingar.
Dette er jobben for deg som vil skape, leie og utvikle noko som verkeleg betyr noko for gjestene – kvar dag.
Om rolla
Som Operations Manager F&B har du totalansvar for drift, kvalitet og utvikling av alle våre serveringsstadar – frå hovudrestauranten på Myrkdalen Hotel til populære barar, kafear og fjellstover. Du vil leie eit breitt spekter av dyktige fagpersonar – assisterande restaurantsjefar, kjøkkensjef, soussjef og driftsleiarar – og vere ein sentral del av leiargruppa for overnatting og servering på reisemålet.
Rolla kombinerer:
heilskapleg og strategisk leiing
kvalitet og konseptutvikling
økonomi og resultatansvar
tett samarbeid med kjøkken, drift og hotellleiing
Di oppgåve er å sikre at alle gjester får same førsteklasses oppleving – frå den vesle kaffistoppen til afterski-stemning og dei store kveldane på Myrkdalen Hotel.
Dine viktigaste ansvarsområde
Leie og utvikle alle F&B-einingar på destinasjonen
Personalansvar gjennom eige leiarteam
Budsjett, nøkkeltal og økonomistyring
Sikre kvalitet, service, HMS, IK-mat og gjesteoppleving
Vidareutvikle konsept, struktur og driftsrutinar
Bygge kultur, kompetanse og gode arbeidsmiljø
Bidra strategisk i utviklinga av Myrkdalen som destinasjon
Vi ser etter ein F&B-leiar som kjenner seg igjen i dette
Erfaring
Erfaren leiar med bakgrunn frå restaurant, hotell eller større serveringskonsept
Har solid kompetanse på økonomi, nøkkeltal og lønsam drift
Erfaring med å sikre kvalitet og service i hektiske miljø
God forståing for sesongdrift og store volum
Kompetanse
Sterk på struktur, kvalitetsoppfølging og operativ leiing
God digital kompetanse – evne til å lære system raskt og jobbe datadriven
Trygg menneskeleiar som byggjer kultur, kommunikasjon og engasjement
Gode norskkunnskapar og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Formell utdanning er ein fordel, men relevant erfaring og dokumentert resultatoppnåing er viktigare.
Hjå oss får du
Ei nøkkelrolle med stort handlingsrom og påverknadskraft
Moglegheit til å utvikle destinasjonen sine mat- og drikkeopplevingar
Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Ein arbeidskvardag tett på natur, skiopplevingar og Vestlandets råaste fjell
Konkurransedyktige vilkår og moglegheit for vidare karriere i Norway’s Best
Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
Arbeidsstad: Myrkdalen, Voss herad
Stilling: Fast 100 %
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo.
NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda.
I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
FerdigheterAI-generert
- Arbeidsledelse
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Key Performance Indicator (KPI)
- Konseptutvikling
- Norsk
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: 5713 Vossestrand
- Bransje: Event og arrangementer, Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Produktledelse, Restaurantsjef
Nøkkelord
Hotelledelse, konseptutvikling, Økonomistyring, Kvalitet, Driftoptimalisering
Myrkdalen Hotel (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441565547
- Sist endret


