Seremoniansvarleg
Human-Etisk Forbund Honorerte Verv
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Engasjement
Seremoniansvarleg for konfirmasjonsseremoniar på Voss
Ønskjer du eit spanande og meiningsfylt verv, der du får bidra til å skape høgtidelege og minnerike seremoniar for konfirmantar på Voss?
Human-Etisk Forbund søker no seremoniansvarleg til dei humanistiske konfirmasjonsseremoniane i Gamlekinoen på Voss. Dette er eit honorert verv, ikkje ei tilsetjing. Som seremoniansvarleg får du ei sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av seremoniane - og du vert ein viktig del av eit engasjerande og inkluderande fellesskap.
Du får god opplæring og oppfølging frå administrasjonen, samt tilgang til kurs og fagleg støtte undervegs. Å vere seremoniansvarleg er ein flott måte å bidra til humanistiske verdiar på, på same tid som du får honorar for innsatsen og verdifull erfaring som kan styrke CV-en din.
Du blir òg del av eit sosialt og fagleg nettverk, og får delta på opplæring og årlege samlingar.
Kva inneber vervet:
Planlegging av seremoniane, inkludert kontakt med musikarar og kulturinnslag, samt kvalitetssikring i samsvar med Human-Etisk Forbund sine retningslinjer.
Gjennomføring på seremonidagane, med ansvar for at alt flyt godt og at seremonien si høgtidelege ramme vert ivareteke.
Samarbeid med administrasjonen, mellom anna innlevering av program og anna relevant informasjon innan planlagde fristar.
Dette er eit honorert verv, ikkje ei tilsetjing.
Ferdigheter
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Kvalitetssikring
- Planleggingsevne
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5700 Voss
- Bransje: Event og arrangementer, Ideelle organisasjoner, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kultur og museum, Planlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seremoniansvarleg, seremonileder, toastmaster, Konferansier, konfirmasjon
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436689052
- Sist endret
