
Assisterande Seksjonsleiar
Helse Bergen HF
- Frist 07.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Assisterande Seksjonsleiar
Ønsker du nye utfordringar? Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar ved Kronstad allmenn døgn. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg.
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Behandlinga er individuelt utforma, men kan innehalde: utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling , miljøterapi, fysisk aktivitet, sosionomtenester og oppfølging frå fysioterapeut. DPS har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Vi har fokus på etablering av kontakt med ettervern og har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortreder for seksjonsleiar
- Utføre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar, nærare beskreve i stillingsspesifikke oppgåver
- Handle innanfor gjeldande lover, føresegner, avtalar og interne føresegner, herunder etiske retningslinjer og internkontroll
- Medansvar for dagleg drift av seksjonen
- Delta i og følgje opp seksjonens forbetringsarbeid, forbetringsundersøkingar, kvalitet- og pasientsikkerheitsarbeid og HMS-arbeid
- Pådrivar for fag- og kompetanseutvikling i seksjonen
- Planlegge og legge til rette opplæring, oppfølging og evaluering av nytilsette og studentar
- Bidra i seksjonens kliniske arbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning
- Relevant klinisk praksis
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Fleksibel
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Engasjert
- Samarbeidsvillig
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Bred klinisk erfaring
- Internkontroll
- Klinisk pasientarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, seksjonsleiar, Kronstad DPS, Allmenn døgn, Kronstad allmenn døgn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436782265
- Sist endret

