
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk
Helse Bergen HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
For desse stillingane er det krav om HPR. Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/vernepleiar/spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar 4. helg
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.
Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Seksjon S6 har 12 sengeplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.
KRS har eit rehabiliteringstilbod med fokus på relasjonsbygging, meistring og overgang til bustad og daglegliv. Vi gir behandling til personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar som rus og personlegdomsforstyrringar (6 plassar) og personar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og psykisk utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring (2 plassar).
Seksjonen arbeider tverrfagleg og har eit sterkt fokus på miljøterapi, ADL-trening, sansestimulering og musikkterapi som verktøy for kjensleregulering og meistring. Fysisk helse er ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Stilling inneber gyldig politiattest iht Helsepersonelloven § 20a.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Pasientbehandling
- Psykiatrisk pleie og omsorg
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, sjukepleiar, psykisk helsevern, vernepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441128571
- Sist endret

