Ferievikariat bioingeniør / bioingeniørstudent
LMBB seksjon Nordfjord, Helse Førde
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Nordfjord sjukehus har ledig ferievikariat i perioden 08.06.2026 - 16.08.2026.
Vikariatet passar for 1.-3. års studentar i bioingeniørutdanning, evtuelt andre helsefagutdanningar.
Ber om at det i søknaden blir opplyst kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.
Sjå denne linken: Hjartestad - musikkvideo med artistar frå Nordfjord
Her er eit godt fritids- og kulturtilbod og i veke 29/2026 vert Malakoff musikkfestival arrangert på Nordfjordeid: Malakoff musikkfestival
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking
- Analysearbeid
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør, 1-3. års bioingeniørstudent, evtentuelt andre helsefagutdanningar
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar
Personlege eigenskapar
- Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
- Du må vere serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Ragna Olaug Orheim Rafshol, Seksjonsleiar, (+47) 578 64 024Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5035759798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 08.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434740706
- Sist endret


