FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Helse Bergen HF logo
Helse Bergen HF
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Medarbeidar i preste- og samtaletenesta

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 03.01.2027
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Støtte pasientar, pårørande og tilsette i krevjande livssituasjonar, gje krisestøtte, leie samtale- og refleksjonsgrupper og gå i vaktturnus.

Kvalifikasjoner

  • Utdanning på masternivå i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
  • Erfaring med å møte menneske i krevjande livssituasjonar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ynskje om relevant vidareutdanning innan krisehandtering, rettleiing, kognitiv terapi eller pastoralklinisk utdanning
  • Ynskje om erfaring frå arbeid i sjukehus eller helseinstitusjon

Hva vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Ein av dei beste pensjonsordningane i landet
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Arbeid i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakt
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Medarbeidar i preste- og samtaletenesta

Preste- og samtaletenesta har for tida tre sjukehusprestar og ein sjukehusdiakon i 100% stillingar, og ein sjukehusimam i 50% stilling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta.

Helse Bergen behandlar pasientar innan somatikk, psykisk helsevern og rus- og avhengigheitsmedisin, og Preste- og samtaletenesta bidreg i alle desse fagområda.

Vi møter pasientar, pårørande og medarbeidarar som står i kriser og krevjande livssituasjonar, uavhengig av livssyn. Tenesta har døgnberedskap og er tilgjengeleg når det trengst. Vi bidreg med individuelle samtalar eller gruppesamtalar, utfører kyrkjelege handlingar og formidlar kontakt med representantar frå trus- og livssynssamfunn når det blir etterspurt.

Tillit hos menneska vi møter og i sjukehuset er grunnlaget for arbeidet. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg kvar enkelt situasjon. Samstundes er vi eit team der alle må ha evne og vilje til å dele faglege og personlege refleksjonar. Som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta får du eit meiningsfylt og engasjerande arbeid med mange erfaringar å lære av og gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst.

Preste- og samtaletenesta er organisert som ei faggruppe i Seksjon for pasienttryggleik i Forskings- og utviklingsavdelinga, der seksjonsleiar varetek personal- og økonomiansvar.

Arbeidsoppgåver

Preste- og samtaletenesta si hovudoppgåve i sjukehuset er å støtte pasientar, pårørande og tilsette i krevjande livssituasjonar. Som medarbeidar i tenesta skal du:

  • gje akutt krisestøtte til pasientar og pårørande når dei kliniske einingane ber om det
  • støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevjande kvardag og ved alvorlege hendingar
  • vere tilgjengeleg for samtalar om det pasientar, pårørande og medarbeidarar ønskjer å snakke om, og gjennomføre ritual tilpassa situasjonen
  • arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakt
  • leie samtale- og refleksjonsgrupper og ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar i sjukehuset, og undervise innan eige fagområde
  • delta i fagleg og personleg refleksjon i teamet og bidra til at vi tek vare på kvarandre og utviklar tenesta saman

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå, til dømes i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
  • Erfaring i å møte menneske i krevjande livssituasjonar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Relevant vidareutdanning innan til dømes krisehandtering, rettleiing, kognitiv terapi, eller pastoralklinisk utdanning er ønskeleg
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus eller annan helseinstitusjon er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar, og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
  • Du møter menneske med interesse og respekt uavhengig av bakgrunn og livssyn
  • Du har evne til å forstå og orientere deg i ein kompleks organisasjon
  • Du samarbeider godt med andre faggrupper
  • Du har god rolleforståing, er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit
  • Du har forståing av og interesse for korleis menneske skapar meining og finn kjelder til håp i møte med livsendrande hendingar og livskriser
  • Du toler å stå i uventa og krevjande situasjonar, og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det «kokar»
  • Du kjenner deg sjølv godt og kan ta vare på deg sjølv
  • Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på korleis teamet er samansett.

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt, utfordrande, variert og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
  • Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø og kollegafellesskap
  • Løn etter avtale
  • Ei av dei beste pensjonsordningane i landet

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ferdigheter AI-generert

  • Norsk
  • Teologi

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Annet, Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Annet, Helsepersonell, Prest

Spørsmål om stillingen

IS

Ingrid Smith

Seksjonsleiar

92 80 25 40Kopier telefonnummer 92 80 25 40
PW

Patrick Wohlgemuth

Sjukehusprest

95 21 98 59Kopier telefonnummer 95 21 98 59

Arbeidssted

Kart
Søknadsfrist: 1 måned igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

2 778 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn
Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481664744
  • Sist endret: 25.11.2026, 11:08
  • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse